Vis Verden venter i et større kart

lørdag 17. april 2010

From the U to the S to the A

(Sidan vi er i USA og alt her er sabla stort, kjem her eit relativt stort innlegg om tida vi har tilbrakt her.)

Lista er lang over ting vi har gjort sidan vi kom til Statene. Opphaldet vårt her er så godt som over og eg kan trygt seie at vi er meir enn fornøgde med det vi har opplevd her. Vi har vore innom tre statar (California, Nevada og Arizona) og kvar dag har blitt utnytta til det fulle. Vi begynte kalaset i Los Angeles, nærmare bestemt i Melrose Avenue i West Hollywood. Der budde vi på Orbit, eit hostell til ein billig penge med bla gratis stand up, gratis øl og gratis internett. Vi brukte første dagen, mandag 29. mars, til å dra på ein aldri så liten tur til Santa Monica med vår kjære Chrysler Cruiser for å treffe bergenseren Henrik som vi vart kjent med på Fiji og få med oss den obligatoriske piren og shoppe litt. Anne Beate trengte nytt kamera nok ein gong og endte etter en stund opp med eitt som kosta litt meir enn planlagt, men samtidig satte det gamle kameraet hennar i eit veldig dårlig lys. Vi er alle veldig fornøgde med dét:)

Universal Studios sto for tur på tirsdag og var kort sagt fantastisk. Vi gjorde alt vi fekk tid til og var der til det stengte pluss litt til. Idét vi gjekk ut frå parkområdet gjekk vi på Alice in Wonderland på kinoen rett utanfor. Jonas duppa av som eit barn fullt av inntrykk etter ein dag med opplevingar, men vi andre klarte å halde oss vakne til vi kom tilbake til hostellet. Onsdag var dagen for Hollywood Boulevard. Minnekorta i kameraa var tømte etter dagen før og spaserskoa var funne fram. Vi gjekk nesten heile Walk of Fame fram og tilbake og var innom Madame Tussauds på vegen, før vi avslutta dagen med ein køyretur i Mulholland Drive i håp om å sjå ein kjendis eller to eller husa deira. Dermed var minnekorta igjen fylt opp. Atter ein bra dag i LA, der altså:)

Etter tre utrulege dagar i LA og omegn, var tida moden for å dra vidare, og adressa til Tine og Christopher i Santa Barbara vart skrive inn på GPS-en med ”Hollywood sign” som viapunkt. Etter å ha trossa fleire ”No access to the Hollywood sign”-skilt kom vi omsider ganske nærme skiltet, men måtte til slutt snu på grunn av litt for mange forbudt- og privat veg-skilt. Vi køyrte i nokre timar på Hwy 1 for å komme oss til Santa Barbara, noko som var ei oppleving i seg sjølv. Hwy 1 går langs kyststripa og byr på fantastisk utsikt og mektig natur. Vi fekk tilbod om å sove på sovesofaen hos Tine og Christopher, som går i klassa mi i Trondheim og er i SB på utveksling, og det gjorde vi med den største glede. Før leggetid kom Ingunn og Andreas innom og vi spiste pizza og prøvde å kverke Gin-en og Rom-en som vi ikkje hadde klart å drikke opp på Fiji. Vi tok ”partybussen” inn til sentrum og følte oss litt gamle, sidan det var sterke tendensar til fjortisfyll blant alle dei andre festglade studentane som var ute. I USA har dei ikkje lov til å drikke før dei er 21 år, og då er jo vi nordmenn allereie rutinerte festarar.

Etter Santa Barbara gjekk turen vidare til San Francisco. Trass i lave temperaturar (i vår målestokk) og tidvis regn fekk vi med oss ein tur med Cable Car, Golden Gate Fortune Cookie Factory, Alcatraz, lanseringa av iPad, Golden Gate Bridge, samt innsida av utallige butikkar på det to dagar lange opphaldet vårt i byen. Etter dette sette vi snuten austover mot Yosemite, ein 1200 kvadratmiles stor nasjonalpark som ligg i innlandet i California. Der tok vi inn på Yosemite Bug, eit ”hostell” litt utanfor sjølve parken. Yosemite Bug baud på fyr i peisen, brettspill og kakao, noko vi sette utruleg stor pris på etter å ha lest eit utall statusoppdateringar frå påskehelga heime. Vi fekk rett og slett litt påfyll av heimekos, noko vi ikkje hadde forventa i det heile tatt. Vi bestemte oss for å smelle til med ein sekstimars topptur til Yosemite Falls påfølgande dag for å gå av oss litt dispensercola og burger og samtidig få med oss parkens finaste tur og utsikt. Dermed gjekk vi til sengs med vekkarklokkene på ”tidleg”. Anne Beate vakna med vondt i halsen og bestemte seg for å droppe turen og prøve å bli frisk etter ei veke med halsvondt. Jonas og eg pakka på oss det vi hadde av varme klede og trilla ut i bilen og håpte at vi ikkje kom til å fryse i hel midt på fjellet. Med ”Trail Lunch” i rumpetasken og vann i camelbacken (G33K) trasket vi avgårde etter en times tid i bil, og etter ti minutter smeltet vi bort og måtte kle av oss to-tre gensarar kvar. Turen var heilt fantastisk nydelig og vi tok ein avsindig stor mengde bilete.

Neste post på programmet var Grand Canyon, men for å ikkje bruke altfor mange timar i bilen valgte vi å ta ein liten tur innom Las Vegas og overnatte der. Meir om det seinare. For å ikkje blakke oss på overnatting ved Grand Canyon sov vi i Flagstaff, ein liten og koselig by halvannan time unna sør for Canyon. Grand Canyon var svært og mektig, og vi var der heile dagen og gjekk rundt på stiar og såg på utsikten. Ein del bilete vart også tatt her, merkeleg nok:)

Tilbake til Vegas. Sjukt! Las Vegas er kort fortalt USA sin leikeplass for vaksne. Hotella ser ut som gigantiske eventyrslott, romerske borgar, eller rett og slett byar, og rett som det er sprutar ei enorm fontene i veiret og du er midt i eit lysshow foran verdas største casino. Vegas har sin eigne versjon av Eiffeltårnet, Venezia og New York. Men alt dette har du kanskje sett på film, så då treng eg ikkje beskrive det nærmare. Vi måtte sjølvsagt putte litt dollar i speleautomatane mens vi var der, og vi la òg igjen litt pengar for øl. Vi dro på ”Lav Vegas Comedy Show” for å få med oss eitt av dei mange showa som vart vist kvar kveld. Vi ante ikkje at vi kom til å ende opp på eit intimshow med rundt ti andre publikumarar og vere nøydde til å sympatile av halvparten av vitsane. Vi hadde det kjekt, vi, men til andre trur eg vi anbefalar å betale litt meir og gå på eitt av showa på The Strip.

Vi bestemte oss for å besøke ein by meir enn vi i utgangspunktet hadde tenkt: San Diego. Trivelig by:) Jonas hadde eit ønske om å gå på base- eller basketballkamp før vi drar frå USA, og vi gjekk derfor på baseballkamp mellom San Diego Padres og Atlanta Braves. Vi fekk vakre SD-Padres-hattar i inngangen, kjøpte i tillegg kvart vårt supporterplagg og satte oss på billigplassane våre då det var to og ein halv omgang (?) igjen av kampen. Idet kampen var ferdig skjønte vi rundt halvparten av reglane. Padres tapte dessverre så det sang, og vi ønsker dei betre lykke neste gong.

No er vi tilbake i LA og lader opp til PERU, som vi reiser til natt til søndag. Vi gler oss veldig! …og så er vi spente på om Machu Picchu har åpna igjen etter uveiret tidlegare i år…

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar