(på en stund)
Brasil er siste stopp på vår store reise og her har vi no vore i tre veker. I dag er dagen for vår siste flyreise. Det er med veldig blanda følelser vi sitter her og snakker om korleis det blir å komme heim. Det er ingen tvil om at vi gleder oss til å møte alle våre kjente og kjære heime, men livet på loffen er ganske problemfritt og deilig, så det å komme heim til jobb og/eller skule ser vi på med delte meiningar.
De første tre dagane i Brasil tilbrakte vi i Sao Paulo, som vi alle er skjønt einige om at er ein drittby som ikkje fortjener besøk. Det mest konstruktive vi gjorde der var å vaske klede og gå på kino. Jonas hadde lenge sett fram mot premieren av Iron Man 2. Sidan vi var i eit portugisisktalande land med sans for dubbing trippelsjekka vi at filmen var med engelsk tale før vi kjøpte billettar til "Homem do ferro 2". Heldigvis fekk vi ingen overraskingar på den fronten. Det var berre litt vanskelig å skjønne det som vart sagt på fransk og russisk osv når det kun vart teksta på portugisisk.
Vi tok buss til ein koseleg liten by langs kysten mellom Sao Paulo og Rio de Janeiro kor eg var i fjor og storkoste meg. i Paraty var planen å slappe mest mogleg av og tilbringe flest mogleg timar på stranda. Alt gjekk etter planen. Vi vart A-mennnesker for ei vekes tid og kjøpte sololje med lav faktor for å få fortgang i sakene.
Siste destinasjon var Rio de Janeiro, og vi hadde samme plan for opphaldet i Rio som for dagane i Paraty; avslapning og sol. Det første har vi ikkje hatt store problem med, men sola har ikkje vore heilt på vår side. 3 heile dagar i sola av 13 dagar i Rio var ikkje heilt det vi var ute etter. Men misforstå meg rett, vi har storkost oss likevel. Veret er tross alt ikkje alt her i livet:) Dei siste 12 dagane i Rio har vi delt med norske Stina og Magnus som vi var på Mojosurf i Australia med, og svenske Hanna som var i gruppa vår på Inca Trail. Vi har hatt det kjempekjekt sammen og magemusklene har gjennomgått mang en latterkrampe.
Vi har alle sammen vore litt lei av sightseeing i og med at det har blitt mykje av det i løpet av turen, så vi har rett og slett vore late i Rio de Janeiro. Eit lite samandrag:
- Fotballkamp på Maracana mellom Sao Paulo og Flamengo
- Shopping på Copacabana og Ipanema, samt Rio Sul
- Shopping på Hippie Fair
- Fest hos en brasiliansk riking som har en greie for skandinaviske folk han møter på stranda. Sjukt stor toppleilighet med utsikt mot lagunen og Jesus-statuen. Tilsynelatende ingen venner, derav opp-plukking av tilfeldige blonde mennesker på stranda.
- 17. maifeiring med god middag, koselige venner og sjampis til dessert
- McFlurry Mini Bis i store mengder
Nå er det et kvarter til vår siste utsjekk og vi er glade for at dette er siste gangen vi trenger å pakke sekken. For denne gang iallefall:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar